Torsdag 24 September
Kl. 14:00 - 16:00, Ungdomens Hus
Ungdom og teknologi frå 7 klasse
Ope ungdomens hus etter skuletid for 7 til 10 klasse ved Skjåk barne og ungdomsskule torsdagar og fredagar.

Vi har tre dagar etter skuletid dedikert til barn og unge på friviljugsentralen i Skjåk. Tysdag er for 3-6 klasse, torsdag og fredag er for 7-10 klasse. Her kan alle som vil møte opp, vera seg sjølv, engasjere seg i aktivitet eller berre hengje med vener. Det er ingen påmelding eller krav om deltaking på aktivitetar som foregår. Barn og ungdom inkluderast i eit miljø som kan vera eit godt alternativ for dei som ikkje er med på andre aktivitetar. Det dukker gjerne opp aktivitetar ein kan vera med på som skjer ellers på sentralen. Bli med å spela dataspel på fleire plattformar, kjøyr bil i ein av våre bilsimulatorar, sjekk ut VR brillene våre. Vi set ut teikne og malesaker, og den som vil kan setja seg ned for å spela eit parti sjakk eller anna tilgjengele bordspel. Vi har enkel servering som det og går an å engasjere seg i for dei unge.

Opningstider: Torsdag 1400-1600. Fredag 1330-1600

Vi er avhengige av fleire vaksne friviljuge for å få dette til å fungere på ein best mogleg måte. Vi er minst to vaksne tilstades. Utan friviljuge blir det avlyst.

Viktig å veta som friviljug: Det er du som friviljug som er med å styrer kva ditt engasjement skal vera. Ynskjer du nytta 2 timer 1 gang i månaden så er det berre kjempebra for alle. Vi tilpasser og tilretteleggjer for den enkelte.

Ved avlysning av aktivitet seier vi helst i frå dagen før på sosiale medier. Ellers kontaktar vi skulen og seier frå der i løpet av dagen. 

2026 © Stiftelsen Skjåk friviljugsentral