Tirsdag 29 September
Kl. 14:00 - 16:00, Ungdomens Hus
Ungdom og teknologi 3.-6. klasse
Barn og unge i Skjåk møter andre i trygge omgivelser på Skjåk Friviljugsentral.

Vi har tre dagar etter skuletid dedikert til barn og unge på friviljugsentralen i Skjåk. Tysdag er for 3-6 klasse, torsdag og fredag er for 7-10 klasse. Her kan alle som vil møte opp, vera seg sjølv, engasjere seg i aktivitet eller berre hengje med vener. Det er ingen påmelding eller krav om deltaking på aktivitetar som foregår. Barn og ungdom inkluderast i eit miljø som kan vera eit godt alternativ for dei som ikkje er med på andre aktivitetar. Det dukker gjerne opp aktivitetar ein kan vera med på som skjer ellers på sentralen. Bli med å spela dataspel på fleire plattformar, kjøyr bil i ein av våre bilsimulatorar, sjekk ut VR brillene våre. Vi set ut teikne og malesaker, og den som vil kan setja seg ned for å spela eit parti sjakk eller anna tilgjengele bordspel. Vi har enkel servering som det og går an å engasjere seg i for dei unge.

Ungdom og teknologi er ope klokka 1400 til 1600 tysdagar og torsdagar. På fredag er det ope frå klokka 1330 til 1600. 

Vi er avhengige av vaksne friviljuge for å få dette til å fungere. Vi får og god hjelp av engasjerte elever frå ungdomstrinna på skulen i Skjåk.Det å verta friviljug under desse aktivitetane er viktig for ungene våre i bygda. 

Viktig å veta som friviljug: Det er du som friviljug som er med å styrer kva ditt engasjement skal vera. Ynskjer du nytta 2 timer 1 gang i månaden så er det berre kjempebra for alle. Vi tilpasser og tilretteleggjer for deg.

Ved avlysning av aktivitet seier vi helst i frå dagen før på sosiale medier. Ellers kontaktar vi skulen og seier frå der i løpet av dagen.




2026 © Stiftelsen Skjåk friviljugsentral