Frukostgruppa endrar namn til Frukosttreff - spis med oss. Frukosttreffen er ein hyggeleg sosial møteplass med frukost. Om du ikkje kjem deg hit av eigen maskin har vi sjåfører som kan henta. Sei i frå at du vil hentast på melding eller ring til Astrid på telefon 46940160 før klokken 0900 på onsdager. Frukosten startar klokken 10:00.
Tilbodet er for alle som ynskjer å ha ein sosial stund med andre. Med frukosttreffen ynskjer vi bidra til gode levevilkår, god psykisk helse og auke sosial deltaking for innbyggjarane i Skjåk. Ingen er forplikta til å delta kvar gong, men eit besøk i ny og ne gjer mykje både for ein sjølv og andre. Det serverast brødskiver med forskjellig pålegg, drikke og kaffi til kroner 80,- Betalast med kort, kontant eller vipps for den som vil det.
Etter frukosten kan det enkelte gonger bli ei songstund eller ei runde med quiz. Kan hende du har ei god historie, dikt eller ei gåte du vil dele med dei som er på frukosten. Kanskje har du eit instrument og vil framføra noko? Alle bidrag er velkomne rundt frukostbordet. Dei som blir kjørt til frukosten får også skyss heimatt.