Torsdag 19 September
Kl. 18:00 - 21:00, Skjåk Friviljugsentral
Språkkafe
Spel, samtaler, sosialt og eitkvart foredrag for dei framandspråklege i Skjåk som treng og ynskjer å utøve norsk i praksis. Det serverast kaffi og litt biteti.

Vi set i gang med språkkafè for framandspråklege i Skjåk på friviljugsentralen i Skjåk. Kafèen blir annakvar torsdag, og vi starter torsdag 19.09.24 klokken 1800. Vi driv på fram mot klokken 2100.

Dette skal vera eit treffsted der ein kan øve seg på å snakke norsk med lokale friviljuge frå Skjåk. 

Det kostar ingenting og det blir enkel servering.

Ynskjer du å bidra som friviljug er det berre å ta kontakt med friviljugsentralen på telefon 90042055.

2024 © Stiftelsen Skjåk friviljugsentral