Fredag 7 Juni 2024
Kl. 11:00 - 13:00, Skjåk Friviljugsentral
Bowling
Bowling fredagar i oddetalsvekene på friviljugsentralen klokka 11:00. Premiering og enkel servering etter endt omgang.

Sosial møteplass med Bowling inne på sentralen. Vi har eigne lette bowlingkuler og rutsjebane til å sende i veg kula. Etter ein er ferdig med omgangane serverast det som oftast vaffler med tilbehør noko drikke og kaffi. Alle er velkomne til å vera med. Og om ein lurer veldig på korleis ein kan spela bowling inne på sentralen er det berre å stikke innom for å sjå. 

Friviljuge er med å arrangerer bowling ved å setja opp utstyr, halde styr på poengsum og vera sosiale. Vi har og moglegheit for å vera med på vaffelsteiking og servering. Vi tilpassar og tilrettelegg for den som ynskjer vera friviljug.

2026 © Stiftelsen Skjåk friviljugsentral