-
Bridge
Bridge kvelder arrangeres kvar tysdag kveld på sentralen. Det serverast kaffi og biteti. 50,- per person.
Jul i fellesskap - Juleslaberas 2026
Skjåk Friviljugsentral ynskjer halde ope i romjula 2026. Vi treng friviljuge til å halde sentralen ope nokre timar om dagen i romjula.Jul i Fellesskap presenterer: Juleslaberas 2026!
Det var suksess i fjor der mange slapp å sitje åleine i romjula. Det vil vi gjere igjen – men vi treng deg med på laget!
Friviljugsentralen ynskjer å halde ope eit par timar kvar dag i romjula, og vi ser etter frivillige som kan tenkje seg å ta ei «vakt». Det bør helst vera to stykk som tek ei vakt samtidig. Tilbodet skal vera gratis, alkoholfritt og for alle!
Dykk bestemmer sjølv!
Det krev lite førebuing, legg opp økta slik dykk vil. Ta med julestrikken, finn fram eit kortspel, eller berre kok kaffi og ta ein god prat, det er heilt opp til dykk – vel sjølv kor lenge du vil halde ope.
Har du eit par timar til overs i romjula og lyst til å gjere ein forskjell for nokon i Skjåkbygda?
Ring eller send oss ei melding så finn vi ein dag som passar for deg!
tlf: 90042055
epost: skjaak.friviljugsentral@skjaak.kommune.no
Bli frivillig på denne aktiviteten
Del på:
-
Digitalt Kurs
Digitalt kurs med Espen André Solutions A/S.
-
Frukosttreff - spis med oss
Møteplass med frukost kr 80,- per pers. I samarbeid med nasjonalforeningen for folkehelsen Skjåk. Vi har sjåfører som kan henta deg om du ikkje kjem deg hit sjølv.
-
LHL Lunsj
Etter LHL trimmen i hallen på torsdager er det lunsj på sentralen. kroner 80,- per person.
-
Matombringing av kaldmat frå Skjåkheimen.
I samarbeid med Skjåkheimen kjøyrest det ut kaldmat på torsdager.