-
Bowling
Bowling kvar andre fredag på friviljugsentralen klokken 11:00. Det serverast kaffi og biteti etter ei runde med bowling.
Språkkafe
norsktrening for dei framandspråklege som treng og ynskjer å utøve norsk i praksis. Det serverast kaffi og litt biteti.Vi jobber for å setja i gang att med språkkafe.
Dette er eit møtested der ein kan øve seg på å snakke norsk med lokale friviljuge. Det kostar ingenting og det blir enkel servering. Ynskjer du å bidra som friviljug språkvenn er det berre å ta kontakt med friviljugsentralen på telefon 90042055 eller på e-post: Skjaak.friviljugsentral@skjaak.kommune.no
Under språktreninga er det viktig at dei som er norsktalende snakkar bokmål i og med at det er forma dei nyttar på skulen.
Del på:
-
Bridge
Bridge kvelder arrangeres kvar tysdag kveld på sentralen. Det serverast kaffi og biteti. 50,- per person.
-
Fjellnær Ringleklubb
Onsdager er det kort og brettspel på sentralen. No for tida går det mest i Magic the Gathering. Det blir meir aktivitet kring bordspel framover. Meld deg til oss om du er interessert. Tilbodet går så lenge vi har friviljuge. Spelkveld passar best frå 12 år og oppover.
-
Frukosttreff - spis med oss
Møteplass med frukost kr 80,- per pers. I samarbeid med nasjonalforeningen for folkehelsen Skjåk. Vi har sjåfører som kan henta deg om du ikkje kjem deg hit sjølv.
-
LHL Lunsj
Etter LHL trimmen i hallen på torsdager er det lunsj på sentralen. kroner 80,- per person.